Aktuelle lover og retningslinjer
Her finner dere blant annet relevante utdrag fra «Lov om grunnskolen og den vidaregående opplæringa» og andre retningslinjer som kan være nyttige å se på når det kommer til særlig farlig eller vanskelig skolevei.
§ 2-1. Rett og plikt til grunnskoleopplæring
Barn har rett til offentleg grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Retten til grunnskoleopplæring gjeld dersom barnet truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet er komme til Noreg. Barn som kjem til Noreg, skal plasserast på det trinnet som passar med alderen. Kommunen kan gjere unntak der ei konkret vurdering viser at barnet bør plasserast på eit lågare trinn.
§ 4-1.Rett til skyss til og frå skolen for elevar i grunnskolen
Elevar på 1. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn to kilometer frå skolen. Elevar på 2. til 10. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå skolen. Elevar har rett til gratis skyss dersom ein del av vegen er særleg farleg eller vanskeleg. Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis. Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen og skolefritidsordninga. Retten til skyss til og frå skolefritidsordninga gjeld ikkje i skoleferiane. Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss.
§ 4-2.Reisefølgje for og tilsyn med elevar i grunnskolen
Elevar som får skyss til og frå skolen eller skolefritidsordninga, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa eller skolefritidsordninga dersom dei treng det.
§ 4-3.Krav om forsvarleg skyss og rett til losji der skyss ikkje er forsvarleg
Elevar har berre rett til skyss etter § 4-1 dersom dagleg skyss er forsvarleg. Når fylkeskommunen skal vurdere om dagleg skyss er forsvarleg, skal det særleg leggjast vekt på alderen og funksjonsevna til eleven og kor lang og farleg skolevegen er. Det kan berre leggjast vekt på kostnader eller vanskar for fylkeskommunen dersom dei er ekstraordinære. Er fylkeskommunen i tvil om dagleg skyss er forsvarleg, avgjer foreldra om eleven likevel skal skyssast. Elevar som ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, har rett til losji. Elevane har også plikt til å la seg innlosjere om ikkje foreldra sørgjer for skyss og dekkjer kostnadene. Kommunen skal sørgje for losji og ha tilsyn med innlosjerte elevar.
§ 9-1.Rett til skyss til og frå skolen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle dersom dei bur meir enn seks kilometer frå skolen. Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis. Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen. Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss. Departementet kan gi forskrift om at retten til skyss kan oppfyllast gjennom rabattordningar for offentleg transport i område med eit godt utbygd kollektivtilbod.
§ 10-1.Det beste for eleven
Ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn.
§ 10-2.Elevane sin rett til medverknad
Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning.
§ 28-7.Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji
Fylkeskommunenen skal og skal oppfylle retten til skyss for elevar i grunnskolen og i den vidaregåande skolen og for deltakarar i den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne. Det er likevel kommunen som skal oppfylle retten til skyss for grunnskoleelevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Fylkeskommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for elevar i den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje, tilsyn og losji for grunnskoleelevar og deltakarar i førebuande opplæring for vaksne. Når fylkeskommunen sørgjer for skyss for elevar i grunnskolen og deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne, skal kommunen dekkje utgiftene som svarer til persontakst for enkeltreiser på strekninga. Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Blir dei ikkje samde, kan statsforvaltaren gi pålegg om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast. Kommunen har ansvar for innlosjering av elevar i grunnskolen etter § 4-3. Fylkeskommunen har ansvar for å hjelpe elevar i den vidaregåande opplæringa med å skaffe bustad etter § 9-3.
Departementet kan gi forskrift om
a. skoleskyss og skyssgodtgjersle
b. heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast i samsvar med kapittel 9
c. heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande
opplæring i eit anna fylke
§ 28-8.Ulykkesforsikring
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for elevar og vaksne deltakarar. Fylkeskommunen skal også sørgje for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift, der yrkesskadeforsikring ikkje er dekkjande. Plikta til å sørgje for ulykkesforsikring gjeld ikkje leksehjelpordninga, skolefritidsordninga eller kulturskolen. Departementet kan gi forskrift om ulykkesforsikring.
Paragrafen vidarefører dagens lov § 7-1 første og andre ledd og § 7-3 og er omtalt i punkt 37 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første og andre punktum vidarefører retten til skyss på grunn av lang skoleveg. Avstanden mellom skolen og heimen skal målast frå inngangsdøra der eleven bur, til inngangsdøra på skolen. Dersom skolen har fleire inngangsdører, skal ein måle frå den døra som gir størst avstand, uavhengig av om eleven bruker denne døra. Oppmålinga skal gjennomførast langs alminneleg farbar veg. Elevane har vanlegvis ikkje rett til skyss frå døra heime, men frå ein oppsamlingsplass som ligg i rimeleg gangavstand frå heimen. Kva som er rimeleg avstand, må avgjerast etter ei konkret vurdering, der ein mellom anna skal leggje vekt på trafikkforholda og alderen på eleven. Det kan ikkje krevjast at elevane går like langt som skyssgrensene, som er to kilometer for elevar på 1. trinn og fire kilometer for andre grunnskoleelevar. Sjølve skysstilbodet må utgjere størstedelen av strekninga mellom heim og skole.
Retten til skyss når ein del av skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg, etter andre ledd, gir rett til skyss når skolevegen er kortare enn fire kilometer for elevar på 2. til 10. trinn, og når skolevegen er kortare enn to kilometer for elevar på 1. trinn. «Særleg» står til både «farleg» og «vanskeleg». Den risikoen skoleelevar til vanleg blir utsette for når dei ferdast i trafikken, er ikkje tilstrekkeleg for å få rett til skyss etter regelen.
I vurderinga skal alle relevante omsyn kartleggjast, og det krevst både ei trafikkfagleg vurdering (farevurdering) og ei vurdering av føresetnadene til eleven. Relevante omsyn i farevurderinga kan vere fartsgrense, trafikktettleik, om det finst fortau eller gangveg, klimatiske forhold og ulykkesstatistikk. Dette må vurderast opp mot alderen, modnaden og dei andre føresetnadene eleven har for å ta seg forsvarleg fram i det aktuelle trafikkbiletet.
Tilstanden på skolevegen kan variere med årstidene. Til dømes kan høg fart kombinert med mørketid og glatte vintervegar medføre ekstraordinær fare for trafikkskadar. Det kan derfor vere aktuelt med rett til skyss delar av skoleåret. Kommunen kan velje å setje inn andre tiltak som fjernar dei ekstraordinære faremomenta, til dømes tilsyn eller reisefølgje forbi særleg trafikkfarlege delar av skolevegen, eventuelt trafikale tiltak. Dersom kommunen har sett i verk slike tiltak, kan det vere tilstrekkeleg til at eleven ikkje får rett til skyss.
Vurderinga av om skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan prøve fullt ut.
Tredje ledd vidarefører regelen om retten til gratis båttransport. Vilkåret for å få rett til båttransport er at eleven «treng» slik transport, det vil seie at naturleg farbar veg til skolen inkluderer transport over vatn. Retten gjeld uavhengig av lengda på skolevegen. Når skolevegen er meir enn to eller fire kilometer, følgjer retten til gratis skyss av første ledd. For å få rett til skyss i tillegg til båttransport må elevane ha ein skoleveg som, inklusiv strekninga med båt, er lengre enn to eller fire kilometer.
For å få rett til skyss etter fjerde ledd er det ikkje tilstrekkeleg at eleven har nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom. Det eit vilkår at funksjonsnedsetjinga, skaden eller sjukdommen er årsaka til at eleven har behov for skyss. Rettane etter fjerde ledd gjeld både fysisk og psykisk funksjonsnedsetjing. Retten til skyss til og frå skolefritidsordninga for elevar med nedsett funksjonsevne gjeld ikkje i skoleferien, det vil seie sommarferien og andre feriar som kjem fram av skoleruta til kommunen.
Femte ledd presiserer at elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå heimane. Retten gjeld for elevar som bur fast og regelmessig i fleire heimar, og så framt dei ulike heimane oppfyller vilkåra for retten til skyss. Retten gjeld både når barnet har delt bustad, og når det ligg føre avtale eller rettsleg avgjerd om fast samværsordning. Retten gjeld også når butida til eleven på fast og regelmessig basis er delt mellom foreldreheim og fosterheimar/avlastingsheim eller besøksheim som er vedteken eller avtalt med barnevernet eller helse- og omsorgssektoren. Samvær og improviserte enkeltståande besøk gir ikkje rett til skyss.
Skysstilbodet som blir gitt elevar med rett til skyss, skal vere forsvarleg, jf. Ot.prp.nr.46 (1997–1998), merknad til § 13-4. Dette inneber mellom anna at skoleskyssen må organiserast slik at eleven får ei akseptabel reisetid. Det er den totale tida eleven bruker heimanfrå, til opplæringa startar, og frå opplæringa til eleven er slutt, til eleven er heime om ettermiddagen, som utgjer den samla reisetida. I vurderinga av kva som er akseptabel reisetid, må gangtid, ventetid, tid med transportmiddel og omsynet til effektiv og rasjonell organisering av skyssen sjåast i samanheng. Andre moment i denne vurderinga er om gangavstand til transportmiddelet er rimeleg, forhold ved den aktuelle reisestrekninga, transportbyte og krav til sjølve transporten. Momenta må sjåast opp mot alderen, funksjonsevna og dei andre føresetnadene eleven har. Dersom ein elev klagar over at vedtaket om skoleskyss ikkje gir eit forsvarleg tilbod, er det innhaldet i tilbodet som må vurderast. Økonomiske omsyn kan ikkje her få så mykje vekt at retten mistar karakter av å vere ein rett.
Dersom foreldra er villige til det, kan fylkeskommunen eller kommunen overlate til foreldra å skysse barna sjølve. Fordi skyss skal vere gratis, må den som er ansvarleg for skyssen etter § 28-7, dekkje dei nødvendige og faktiske kostnadene til foreldra. Foreldra kan ikkje krevje å få overta skyssen, og dei kan heller ikkje tvingast til ei slik ordning.
Dersom ein elev søker om å få gå på ein annan skole enn den eleven er tildelt, jf. § 2-6, kan kommunen stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss ved eventuell innvilging av søknaden. Det er ikkje mogleg å stille vilkår om eigenbetaling av skoleskyss dersom grunnen for å byte skole er å sikre retten til opplæring.
Ansvaret for å oppfylle retten til skyss går fram av § 28-7.
Forvaltningsorganet som har ansvaret for å oppfylle retten til skyss, har ansvaret for å gjere enkeltvedtak i tråd med reglane i forvaltningslova.
§ 18-3.Når og kvar forsikringa skal gjelde
Forskriften pålegger kommunene å sørge for ulykkesforsikring for elevene.
Denne forsikringen skal også dekke ulykker på vei mellom skole og hjem.
§ 104.
Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.
Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.
Art 3.
Ved alle handlinger som berører barn, enten de foretas av offentlige eller private velferdsorganisasjoner, domstoler, administrative myndigheter eller lovgivende organer, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn.
Art 12.
1. Partene skal garantere et barn som i stand til å danne seg egne synspunkter, retten til fritt å gi uttrykk for disse synspunkter i alle forhold som vedrører barnet, og tillegge barnets synspunkter behørig vekt i samsvar med dets alder og modenhet.
2. For dette formål skal barnet særlig gis anledning til å bli hørt i enhver rettslig og administrativ saksbehandling som angår barnet, enten direkte eller gjennom en representant eller et egnet organ, på en måte som er i samsvar med saksbehandlingsreglene i nasjonal rett.
§ 2. (definisjoner).
a) vedtak, en avgjørelse som treffes under utøving av offentlig myndighet og som generelt eller konkret er bestemmende for rettigheter og plikter til private personer (enkeltpersoner eller andre private rettssubjekter)
b)enkeltvedtak, et vedtak som gjelder rettigheter eller plikter til en eller flere bestemte personer
Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger
Det er egen veileder til denne forskriften
§ 3.Ansvar for virksomhetens plikter etter forskriften
Virksomhetens eier har ansvar for at kravene i forskriften blir oppfylt, herunder å stille til rådighet de ressursene som er nødvendige for at kravene skal kunne oppfylles.
§ 4.Helsemessig tilfredsstillende virksomhet
Virksomheten skal drives på en helsemessig tilfredsstillende måte. Virksomhetens fysiske miljø skal være forsvarlig ut fra en vurdering av faktorer i miljøet som kan påvirke barns og elevers helse, trivsel, lek og læring. Dersom forhold knyttet til enkeltfaktorer i miljøet avviker fra faglige normer må virksomheten kunne dokumentere at det fysiske miljøet likevel er tilfredsstillende.
Virksomhetens lokaler og uteområder skal være utformet slik at de fremmer helse, trivsel, lek og læring for alle barn og elever. Behovene til barn og elever med funksjonsnedsettelse skal ivaretas. Lokaler og uteområder skal kunne dekke behov for aktivitet og hvile, og forebygge sykdom, skader, ulykker, overgrep og andre alvorlige hendelser.
§ 5.Beliggenhet
Den som planlegger drift av virksomhet omfattet av forskriftens virkeområde skal ved valg av beliggenhet for virksomheten ta hensyn til risikoforhold som blant annet trafikk, luftforurensning, støy, klima og områdets utforming slik at virksomhetens miljø til enhver tid er helsemessig forsvarlig.
Utdrag fra veileder til forskrift §5. Beliggenhet
Ved valg av beliggenhet, bør det også tas hensyn til om det er naturelementer og variert terreng, mulighet for mangfoldig bruk og tilgjengelighet for alle, trafikksikre omgivelser, samt tilrettelagt og trygg fremkommelighet til fots eller på sykkel. Tilgang til sol og skygge er også et viktig moment ved valg av beliggenhet.
Disse momentene skal ivaretas gjennom ordinær planlegging og byggesaksbehandling etter plan og bygningsloven. Det følger av Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027 (regjeringen.no) at det ved planlegging av barnehager og skoler vurderes lokalisering og arealbehov tidlig i planprosessene i samarbeid med relevante aktører. Se også veileder for barn og unge i plan og byggesak. Valg av beliggenhet for barnehager og skoler må også ses i sammenheng med kommunens systematiske folkehelsearbeid, se Helsedirektoratets veileder om systematisk folkehelsearbeid.
§ 14.Beredskap, førstehjelp og sikkerhetsutstyr
Virksomheten skal ha planer og rutiner for å forebygge og håndtere skader, ulykker, overgrep og andre alvorlige hendelser. Rutinene skal være kjent for virksomhetens ansatte, barn og elever.
Utdrag fra veileder til forskrift §14. Beredskap, førstehjelp og sikkerhetsutstyr
Det må foreligge rutiner for å forhindre alvorlige skader og ulykker, herunder kvelning, drukning, forgiftning, fallulykker og trafikkulykker. Barnehager og skoler må ha rutiner for registrering og oppfølging av ulykker, skader og nestenulykker. Erfaringer fra hendelser bør inngå i barnehagens og skolens arbeid med internkontroll, jfr. § 18.
Lenke til Rundskrivet i sin helhet
Utdrag fra rundskrivet:
Kapittel 2.2 Særlig farlig eller vanskelig skolevei
Barn som oppholder seg i trafikken vil alltid være utsatt for en viss fare, og det kan være vanskelig for barn å forholde seg til trafikk. For å få rett til gratis skoleskyss må det foreligge en «særlig risiko». Det betyr at trafikkutfordringene på veien er større enn det kan forventes at eleven mestrer.
Ved vurdering av om veien er «særlig farleg eller vanskeleg», må det gjøres en
objektiv og en subjektiv vurdering.
- Objektiv vurdering: Kartlegge alle relevante forhold ved veien og trafikkforholdene og vurdere om dette er «særlig farlig eller vanskelig».
- Subjektiv vurdering: Vurdere om den enkelte eleven har forutsetninger for å ta seg forsvarlig frem i det aktuelle trafikkbildet.
Momenter i den objektive vurderingen
Momenter som kan være aktuelle i denne vurderingen er bl.a. fartsgrense, trafikktetthet, tilrettelegging for forgjengere, bredde på veien, sikt, gangfelt, belysning og veikryss.
Det er viktig å huske på at veiforholdene kan endre seg i like årstider (lys/sikt, føre og brøyting). Dette kan føre til at en elev får en farlig eller vanskelig skolevei deler av året.
Selv om den korteste veien til skolen er farlig eller vanskelig, kan det være andre veier som ikke er farlige/vanskelige og som heller ikke gjør at skoleveien blir så lang at den utløser rett til skyss. Kommunen kan også velge å sette inn andre tiltak, f.eks. tilsyn, som gjør at veien ikke vil være særlig farlig eller vanskelig.
Momenter i den subjektive vurderingen
Barnets alder, utvikling, syn og hørsel er eksempler på momenter som kan være sentrale i denne vurderingen.
Spørsmålet er om det er forhold ved eleven som gjør at veien blir «særleg farleg eller vanskeleg» for denne eleven. Vurderingen vil ha nær sammenheng med hensynet til barnets beste etter Grunnloven § 104 og barnekonvensjonen art. 3. nr. 1.
Kommunen vil i de fleste tilfeller ha kompetanse i f.eks. teknisk etat til å vurdere forholdene på veien selv. Dersom kommunen har vanskeligheter med å vurdere om en vei er «særleg farleg eller vanskeleg», kan de be om hjelp fra andre etater. Politiet kan ha relevant informasjon om ulykkesstatistikk og Statens vegvesen kan ha informasjon om trafikktetthet. Noen kommuner ber også om hjelp fra Trygg Trafikk.
Utdanningsdirektoratet har laget en veileder om bruk av barnekonvensjonen i saksbehandling. Den kan være en støtte til statsforvalterne og andre i saker der barns beste skal vurderes.